David Kemper

David Kemper
Fødd1947 (76 år)
FødestadChicago
OpphavUSA
Instrumenttrommesett
Verka somtrommeslagar, perkusjonist

David Law Kemper (fødd 1. januar 1947) er ein USA-amerikansk rocketrommeslagar[1] som var medlem av Jerry Garcia Band (1983–1994) og bandet til Bob Dylan (1996–2001).[2]

Han var med Jerry Garcia Band frå 1983 til januar 1994, då han brått fekk sparken.[3] Han vart så trommeslagaren til Bob Dylan dei neste fem åra. Kemper var òg ei kort stund medlem av det nederlandske progressive rockebandet Focus midt i 1970-åra, og spelte på både albumet Mother Focus og den påfølgjande turneen. Han har òg spelt med Mike Stinson, Elkie Brooks, Dennis Wilson (på Bambu-innspelingane) og Bernie Leadon.

  1. Bob Dylan Who's Who, Expecting Rain, 20. april 1999
  2. Bob Dylan Who's Who, Expecting Rain, 20. april 1999
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 6. april 2017, henta 15. desember 2019 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne